top of page

SEPARATUTSTILLING

RITA MARHAUG

"ALT ENDAR, ALT BYRJAR"

06. april til 05. mai 2024

Vernissage lørdag 06. april kl. 14.00:

Dei siste åra har eg prøvd å gje innskrivinga av kroppane våre i den globale, karbondrivne økonomien eit poetiske, visuelle uttrykk. I verkserien «Norwegian Liquid» nyttar eg kroppen som uttrykk for ambivalens og dissonans i skildringar av makt og avmakt. Noreg står fram som eit land av urørd natur. Me er samstundes den sjuande største petroleumseksportøren i verda. Individet finn seg i spennet mellom tradisjonell nøysemd med røter i bygdenoreg og det grenselause internasjonale postindustrielle infotainmentsamfunnet.

 

Ein maksimal kontrast både visuelt og språkleg finn ein mellom svart og kvitt. Huda er grensesnittet mellom individet og verda, kultur og natur, den svarte råolja og den kvite korallstranda.

 

Tydeleg materialbruk har fått ein viktig plass i kunsten min dei seinare åra og speglar verdigrunnlaget mitt: Eg har arbeidd mykje med enkle (natur)element som skjell, tre, lær, plantar og ulike naturlege væsker i installasjonar og performancar.

 

I ALT ENDAR, ALT BYRJAR vil tilskodaren mellom anna møte avtrykk laga direkte frå land og sjøplanar i form av bilete og bok, ein video og skulpturar forma av sitkagran. Utstillinga vil og ha ein installasjon der dryppande olje er eit element. Opningsdagen -6. april og siste dag av utstillinga 5. mai, vil eg gjere performancar i galleriet.

 

Eg tenkjer på utstillinga som ei form for abstrakt forteljing gjennom konkrete døme.

 

Rita Marhaug

Utstillingen er støttet av

GRIEG FOUNDATION.

image1_edited.jpg
bottom of page