top of page

Morten Holmefjord

Tegning

Morten Holmefjord, fødd 1975, er frå Eikelandsfjorden i Fusa, og teiknar og lagar bilete. Men i straumen frå tv, søkemotorar, facebook, instagram, tiktok og snap – treng ein då verkeleg fleire? I utstillinga Straum viser Holmefjord teikningar i hovudsak frå dei to siste åra. Her finn du alt frå teikna dickpicks til svolne englar, ei stavkyrkje på nål og husbankhus i snø, berre for å nemne noko. - Eg likar at det tar tid å laga eitt bilete om gangen. Vegen frå pupillen via hovudet, ut i armen ogut i spissen på ein nykvessa blyant. Sit og rugar over motivet gjennom ein arbeidsdag.Så vert det gjerne nokre timar om kvelden. Eg set det vekk slik at det får «kjølt seg», så statar eg på nytt om morgonen, seier Holmefjord. Motiva kjem frå notatbøker som han teiknar i med billeg kulepenn. Han dreg notatbøkene sinemed seg over alt. Berre nokre ytst få av desse små skissene vert til ferdige teikningar. - Og sjølv om det er litt skummelt så likar eg også å stille ut. At det er bilete på kvit vegg, og publikum. Likar at gallerirommet sine veggar held resten av verda ute, at det er eit revir eller friområde. Det er kanskje ikkje heilt sant, men det er no likevel noko trøystefullt med den tanken, meiner kunstnaren. Dei tilsynelatande springande motiva er også ein straum. Ikkje ein straum frå kraftselskap, eller nettgigantane sine algoritmer, men frå kunstnarens eigen fantasi.

 

Morten Holmenfjord-Husbankhus- et vindue.jpg

 UTSTILLINGER I VEDHOLMEN GALLERI

_ Uten Tittel_ 30 x 40 cm. Morten Holmefjord_ Straum[4811].jpg

«STRAUM»

SEPARATUTSTILLING

17.09.2022 - 02.10.2022

Velkommen til Vedholmen Galleri sin første separatutstilling signert biletkunstner Morten Holmefjord. Holmefjord spelar lystig og fritt på tangentar frå biletkunsten og kulturhistoriens høgborger innan portrett-kunst, karikatur, politisk kunst, surrealisme med mytologiske undertoner. Sidan tida med den mangeårige og vellukka performancen som Visekonge på Fusa, held Holmefjord fram sin karriere no med papir og blyant. Eit vindstreif frå Hieronymus Bosch møter oss frå tid til annan og ein umerkeleg raud tråd og følgjer oss på vegen, frå teikning til teikning i Holmefjords avsindige, avkledande og underfundige univers. Ambisjon, konsept og teknikk går opp i ei flott treeining og kan fint stå seg, også langt utover Bjørnafjordens fjord og fjell

Svolten Engel 20 x 30 cm - Morten Holmefjord - Straum- Vedholmen Galleri-kopi.jpg
STRAUM av morten
bottom of page